NRK Meny
Normal

- Vi lurer dem trill rundt

Helsevesenet blir lurt opp i stry av Subutex- og metadonbrukere.

Nygårdsparken

(ILLUSTRASJONSFOTO)

Foto: NRK

Mange rusmisbrukere held fram med narkotika sjølv om dei får subutex eller metadon av staten.

- Ein har fliere moglegheiter, seier narkomane Bente. Ho er ofte å finna i i Nygårdsparken i Bergen. Bente veit alt om korleis ein kan jukse med kontrollen av subutex og metadon når det er tid for prøvetaking.

- Kjøper rein urin

- Du kan kjøpe urinprøver, feste den til kroppen, varme den opp og så tisse den ut via hjelpesystemet du har limt til kroppen. Blant annet slanger, forklarer hun.

Bente fortel at det er vanleg å kjøpe rein urin av eldre folk, og bruke den i kontrollen. Ho meiner det er leikande lett å lure helsepersonellet.

- Alle dørene står åpen til å jukse. Og det er høgst vanleg. Derfor er det så mange som har Subutex som ikkje skulle hatt det, og derfor blir sidemisbruket så høgt, meiner ho.

- Vil heller vera naiv

Subutex
Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Bergensklinikkane skal kontrollere dei som får subutex og metadon av staten. Pasientane frå Hordaland møter opp og leverer urinprøve under oppsyn. Blodprøve blir ikkje brukt. Klinikksjef Wenche Haga seier dette er kontroll nok.

- Dei skal observerast, det betyr at ein person skal sikre at dei gir sin eigen urinprøve.

- De er trygge på det?

- Dei skal observerast, så då må vi stole på det.

- Er det ikkje litt naivt å tru at dette ikkje blir misbrukt?

- Då vil eg heller vera naiv. Å ha tillit til pasienten er å stole på pasienten. Og det er faktisk utgangspunktet for å få til eit samarbeid om endring, meiner Haga.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.