Hopp til innhold

– Vi torde ikkje gjere meir, skadane var så store

Knivstukken i magen, men framleis bevisst. Naboar og vitne forsøkte å berge offeret for knivdrapet på Sotra, men kunne ikkje gjere anna enn å vente. No er ein mann i 30-åra tiltala for forsettleg drap.

Åstedet på Sotra

Naboene forteller at det kom bråk fra leiligheten som fikk flere til å gå ut. Da så de en mann segne om foran leiligheten, med store skader i magen.

Foto: Runa Victoria Engen/NRK

– Vi gjorde det vi kunne. Likevel føler eg alltid at vi kunne gjort meir, fortel ei av nabokonene etter drapet på Brattholmen.

Det kom mykje bråk frå leilegheita. Ute framfor leilegheita segna ein ung mann om, med store skadar i magen.

– Vi la han i stabilt sideleie. Då var han framleis vaken, fortel kvinna.

– Torde ikkje gjere meir

– Det var ikkje meir å gjere enn å vente på ambulansen. Skadane var så store at vi var redde for å gjere meir skade enn nytte, seier nabokona.

Innan politiet og ambulanse var på staden var han ikkje ved medvit lenger. Kvinna har vore i avhøyr hos politiet i dag tidleg, og fortel at ho slit med å få sove etter den lange dramatiske natta.

– Eg får ikkje sove, både på grunn av alle spørsmåla og på grunn av det eg har opplevd. Det var ikkje så kjekt å sjå, han var hardt skada, fortel ho.

Naboane som bor i området rundt leilegheita til den sikta, seier de er sjokkerte over drapet.

– Ein stille kar

Tara Jensen har vakse opp med den no sikta mannen i 30-åra.

– Eg kjenner han som ein stille og roleg kar. Eg veit at dei skulle samlast for å sjå ein fotballkamp denne natta, men eg anar ikkje kva som har hendt, seier ho.

Ifølgje politiet var det ein samkome i leilegheita, men ingen fest. Drapet hende klokka 02:42 om natta. Ifølgje politiet fekk dei først melding om krangel og bråk, frå fleire naboar. Fyrste politipatrulje var på stedet klokka 02:57.

Sikta for forsettleg drap

Politiadvokat Ørjan Ogne om knivdrap på Sotra
Foto: NRK

Eit slagsmål utanfor leilegheita enda med at den sikta fekk mindre skadar på ein arm, mens den drepne hadde store skadar på overkroppen.

– Den sikta og den drepne var kjenningar av kvarandre. Meir vil eg ikkje seie om det, seier politiadvokat Ørjan Ogne.

Mannen i 30-åra vil bli framstilt for fengsling onsdag, og er sikta for forsettleg drap.

Tok beslag i knivar

– Vi gjorde beslag i fleire knivar i leilegheita, men veit ikkje enno om dei har samanheng med saka.

Dei veit ikkje kva som var motiv for drapet. Den sikta blir operert for skadane og er innlagd på Haukeland universitetssjukehus. Han vil bli avhøyrd tysdag føremiddag.

Mann i 30-årene knivdrept på Sotra