Hopp til innhold

Musikkvideo og gnagsår

Matias Tellez (18) blei oppdaga som fjortenåring og kalt eit musikalsk geni. No lagar han musikkvideo.

Matias Tellez er opptatt av gnagsår og sko.
Foto: Severin Eskeland / NRK

No er bergensaren blitt myndig og lanserer endeleg debutplata og lagar sin første musikkvideo, der blant andre Trond Viggo Torgersen har ei rolle.

SE VIDEO HER!

 

Matias Tellez.

GNAGSÅR: Matias Tellez pådro seg gnagsår av skoene. Nå er det favorittparet hans. Det synger han om.

Foto: Severin Eskeland / NRK

 

Gnagsår og sko

Matias Tellez har samla ei gruppe vener for å lage musikkvideo. Barndomshelten Trond Viggo Torgersen har også ei lita rolle.

Nygårdsparken i Bergen er bakteppe for låten "Brand New kicks" som handlar om eit par sko, som først gav Matias gnagsår før dei blei veldig gode.

Første musikkvideo

Matias Tellez blei oppdaga som fjortenåring og hausta stor begeistring da han året etter spelte på Øyafestivalen og Bylarm. Men unggutten ville finne ut kva han ville med musikken. Og først no, som 18 åring, har han lansert debutplata si og lagar sin første musikkvideo.

- Det har hjulpe meg å få spelerom og utvikle det eg har og det andre mente eg har. Og eg føler at eg no er meir bevisst og veit kva eg driv med, fortel Matias Tellez.

Turnè i Japan

Han som av kritikarar blir kalt eit musikalsk vidunder, kom utruleg nok ikkje inn på musikklinja. Så no går Matias Tellez siste året på videregåande skule, almennfag. Og planlegg turnè i Norge og Japan.

- Eg håpar at det eg lagar vil virke positivt på andre enn meg. Hadde eg ikkje hatt musikken no så hadde det ikkje vore verdt å leve! Så eg passar på det eg har og skal ikkje begynne med dop og sånt tull, avsluttar Matias Tellez.