Hopp til innhold

Motorsyklist til sjukehus etter kollisjon

Naudetatane rykka i morgontimane ut til Kanalvegen i Bergen etter at ein motorsykkel og ein bil kolliderte. Motorsyklisten er køyrt til Haukeland sjukehus.

Motorsykkel og bil kolliderte i Kanalveien

KOLLISJON: Ein bil og ein motorsykkel kolliderte i Kanalvegen i Bergen fredag morgon.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Meldinga om trafikkulykka kom ved 07.30-tida fredag morgon.

– Ein motorsyklist har køyrt i ein bil, og førar av motorsykkelen ligg på bakken, seier operasjonsleiar Morten Kronen i Hordaland politidistrikt.

– Førar av motorsykkelen skal vera skadd, og naudetatane har rykka ut. Også brannkorps er på staden med tanke på oljelekkasje, seier han.

Motorsyklisten vart køyrt til Haukeland sjukehus. Han blir rekna som lettare skada.

Tok førarkort

NAF var på staden for å taue både bil og motorsykkel. Klokka 08.10 var vegen open, og trafikken gjekk som normalt.

– Det er oppretta sak, og det er gjort eit mellombels beslag av førarkortet til bilisten, seier Kronen.

Årsaka til ulykka er framleis ukjent.

– Men vitneobservasjon tilseier at det har vore eit tilfelle av uaktsam køyring, seier operasjonsleiaren.