NRK Meny
Normal

Monika-sikta har bytta forsvarar

Den sikta har hatt same forsvarar sidan oktober i fjor, men rett før siste fengslingsmøte bytte han forsvarar.

Monika-siktet

BYTTA FORSVARAR: Den sikta i Monika-saka har i dag bytta forsvarar.

Påtalemakta vil i dag be om åtte veker forlenga varetekt for 32-åringen som er sikta for å ha drepe åtte år gamle Monika Sviglinskaja.

Åtteåringen blei funnen død heime i Sund i 2011. Saka blei fyrst lagt bort, men i oktober 2014 tok politiet opp at etterforskinga og sikta den 32-år gamle eks-sambuaren til mora for drapet.

Sidan han blei sikta for drapet i oktober i fjor har han hatt forsvarar Fredrik Verling. No har han bytta til Oslo-advokaten Aasmund Sandland, skriv VG i dag.

Advokat Aasmund Olav Sandland

NY ADVOKAT: Oslo-advokaten Aasmund Sandland er ny forsvarar til den sikta i Monika-saka.

Foto: Knut-Sverre Horn

– Eg veit ikkje kva som er årsaka, men han har privilegiet til å velje den advokaten han har tillit til, seier Verling til VG.

Nyheita er så fersk at Bergen tingrett ikkje har oppdatert berammingslista for dagens fengslingsmøte.

– Det er begjært om eit skifte av forsvarar. Eg kan ikkje uttale meg om dette før ein ny forsvarar er utnemnt, seier Aasmund Sandland til NRK.

Nektar straffeskuld

Drapssikta har nekta nekta straffskuld, men politiet meiner derimot at han kan knytast til drapet, blant anna fordi dei har funne DNA som kan stamme frå 32-åringen.

Under fengslingsmøtet i januar gav den drapssikta uttrykk for at det var «eit mirakel» at det er funnen DNA-bevis etter tre år.

Han hevda at politiet ikkje har svara han på korleis bevisa har dukka opp, og meiner DNA-et kan stamme frå då han budde i bustaden. 32-åringen meiner det ikkje finst gode bevis for at han var i nærleiken av huset dagen Monika døydde.

ALT OM SAKA: Monika (8) funnen død

Siste video

Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.
Vestlandsrevyen 12. desember 2017