Hopp til innhold

Mistanke om promille

Ein mannleg 21 år gammal bilførar er mistenkt for å ha kjørt bil påverka av alkohol etter ei trafikkulukke i Sund seint fredag kveld. To personar som var i bilen blei kjørt til sjekk på Haukeland sjukehus, medan politiet tok føraren med for å kontrollera om han var påverka. Det var fire personar i bilen då den hamna utfor vegen.