NRK Meny

Meiner drapsmann var psykotisk

Dei sakkunnige som har vurdert mannen som er tiltalt for å ha drepe Mona Nordaas på Evanger i fjor, meiner 44-åringen var psykotisk. Det skriv Avisa Hordaland. I november i fjor meinte psykiatrane at mannen var tilrekneleg, men no tilrår dei at dommen vert tvungent psykisk helsevern. Saka skal opp for retten fyrstkomande onsdag.