Hopp til innhold

Medan far styrte bilen i 80km/t på motorvegen, fødde mor i baksetet

Av om lag 60.000 fødslar i Noreg, skjer om lag 400 før dei når sjukehuset. Inghild Dyrnes Karlsen fødde midt i Fløyfjellstunnelen i Bergen. – Eg kjende at eg trong baksetet.

Montasje fødsel i baksetet

I BAKSETET: Inghild Dyrnes Karlsen tok sjølv mot vesle Thalia på veg til sjukehuset. – Eg kjende at dette kom til å gå fort, og at eg trong baksetet.

Fredag morgon kjende Inghild Dyrnes Karlsen smerter i magen før ho stod opp. Det var éin dag til termin, men sidan fødselen til hennar førstefødde gjekk svært raskt, ringde ho og mannen Kvinneklinikken (KK) i Bergen.

– Jordmor bad oss om å venta litt og sjå, fortel Inghild.

Men det vart raskt klart at dei berre skulle hoppa i bilen.

– Eg kjende at dette kom til å gå fort, og at eg trong baksetet, fortel ho.

Inhild Dyrnes Karlsen fødte i Fløyfjellstunnelen

LUKKELEGE: Etter den dramatiske fødselen fekk mor Inghild oppfølging på Haukeland. Nyfødde Thalia tok bilfødselen med godt mot.

Foto: Privat

Såg fødselen gjennom spegelen

Inghild og mannen Tor-Eivind Karlsen bur i Salhus, 25 minutt unna Kvinneklinikken. Samanlikna med mange andre, er det relativt nært. Men ikkje nært nok.

– Det var slikt eit «smerterace», og eg tenkte: Shit, altså, tenk om det skal vera slik i timevis.

Det einaste som lindra då riene kom var å pressa.

Då fjerde ria kom, freste Tor-Eivind oppover mot Eidsvågtunnelen på E39. Då høyrde han frå baksetet: «No kjem hovudet!»

– Eg såg berre Inghild i spegelen frå førarsetet, og det var sikkert like greitt. Men pulsen gjekk nokre hakk opp då ho sa at ungen var på veg ut, fortel far.

Og medan han køyrde den planlagde ruta over Danmarksplass og Kronstad mot Kvinneklinikken, tok Inghild imot veslejenta sjølv.

Thalia ble født i baksetet i Fløyfjellstunnelen

THALIA: Fartsvidunderet, som foreldra omtalar henne, har fått namnet Thalia.

Foto: Privat

– Mange seier at eg var så flink, men kva skulle eg gjera, seier ho og ler.

Karlsen hugsa at jordmor hadde pressa imot hovudet då fyrstemann kom, så ho gjorde det same. Og brått hadde ho ei frisk og rask jente på brystet, medan bilen susa gjennom Fløyfjellstunnelen på veg mot klinikken

Det heile gjekk så fort at dei ikkje tenkte på å stoppa bilen undervegs.

Les òg: Mer enn én time til sykehus kan gjøre fødselen farlig for mor

400 når aldri fram til sjukehuset

Kvart år kjem i underkant av 60.000 born til verda i Noreg. Tal frå medisinsk fødselsregister viser at 400 av desse vert fødde før mor når fram til sjukehuset eller fødestova.

– Eg kom ikkje gjennom til KK, så eg ringde 113 og bad dei fortelja at me var på veg, seier Tor-Eivind.

Bilen Inghild Dyrnes Karlsen fødte i

BILEN: I baksetet på denne elbilen fødde Inghild Dyrnes Karlsen. Familien har i ettertid fått vita at dei få betalt reins av baksetet – dersom dei søkjer.

Foto: Privat

Og på Kvinneklinikken vart det litt oppstuss då dei kom i privatbil og ikkje i ambulanse, men det løyste seg raskt

– Eg er glad dette ikkje skjedde med fyrstemann. Då hadde eg nok vorte litt stressa.