Hopp til innhold

Mann til Haukeland etter mopedulukke

Føraren av mopeden blei sendt til akuttmottaket på Haukeland sjukehus.

Austrheimsvegen

Onsdag kveld fekk politiet melding om ei mopedulukke i Austrheimsvegen, like ved Mastrevik torg i Austrheim.

– Føraren av mopeden var livlaus då me kom fram. Då han blei køyrt bort, rørte han på ein arm og var medviten, fortel operasjonsleiar Stein Rune Halleraker til NRK.

Mannen blei køyrt til akuttmottaket på Haukeland sjukehus.

– Tilstanden er alvorleg

Mannen skal vere hardt skadd, opplyser politiet til Bergensavisen.

– Vedkommande er flogen til akuttmottaket på Haukeland. Mannen er hardt skadd, seier operasjonsleiar Kjetil Bønes til avisa.

Politiet blei varsla om ulukka klokka 21.36 onsdag. Ingen andre køyretøy skal ha vore involverte.

Årsaka til ulukka er ikkje kjent.

– Me veit ikkje kva som har skjedd, men vil gjere vidare undersøkingar, seier Halleraker.