NRK Meny

Mann tatt på fersken under innbrot

Ein mann i slutten av 30-åra braut seg inn på Metallco sitt område i Damsgårdsveien i Bergen i natt. Politiet fekk melding klokka 03.59. 10 minutt seinare var mannen arrestert. – Ein hundepatrulje tok mannen inne på området, seier operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politdistrikt. Ingenting skal ha blitt tatt.