Mann tatt med kniv på buss

Politiet fekk i formiddag melding om ein aggressiv mann som var om bord på ein buss i Bergen sentrum. Den 29 år gamle mannen sat bakarst i bussen og var høglydt og verbalt truande. – Mannen hadde softgun og ein kniv på seg, men skal ikkje ha vist fram dette til passasjerane. Vi har kontroll på vedkommande, og vurderer no om vi skal ta han med til arresten, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen.