NRK Meny
Normal

Stal moped og sette fyr på den

Ein mann som skal vere ein kjenning av politiet vart natt til tysdag arrestert for å ha stole ein moped og for å sette fyr på denne. Mannen skal òg ha starta ein brann i ein container tidlegare på kvelden.

Laster kart, vennligst vent...

PÅGRIPE FOR Å STELE MOPED: Mannen som vart pågripe i Møllendalsvegen natt til tysdag skal ha tent på mopeden han stal. Mannen opplyste om at han skal ha tent på ein container tidlegare på kvelden.

– Klokka 23.26 i går kveld fekk me ein melding frå Klaus Hansensvei om at ein mannsperson var i ferd med å stele ein moped, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Erik Gjesdal til NRK.

Politiet i Bergen sende då einheitar i retning av staden, og fekk melding om at personen var i ferd med var i ferd med å trille vekk mopeden, i retning Møllendalsveien.

– Då me kom til Møllendalsvegen så får patruljane kontroll på ein kar, og like ved står mopeden, og den står i full fyr, seier Gjesdal.

Innrømma containerbrann

Vitne på staden kunne fortelje at mannen politiet hadde arrestert hadde opplyst han hadde tent på ein container tidlegare på kvelden.

– Det samsvarar med ein brann som me hadde litt tidlegare, så mannen er arrestert og bringa inn til politiarresten, seier Gjesdal.

– Han er sett i fengsling forvaring, og vil bli avhøyrt i laupet av formiddagen, seier han.

Personen skal vere ein kjenning av politiet og er ein 29 år gamal mann.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.