Hopp til innhold

Mann slått ned og rana på open gate

To unge menn slo ned person i Bergen og stakk av med fleire gjenstandar. Politiet er på jakt etter gjerningsmennene.

mann rana i olav kyrres gate

Meldinga om det valdelege ranet i Olav Kyrres gate i Bergen kom inn til politiet like før midnatt tysdag kveld. Ein mann i slutten av 20-åra vart overfallen, slått ned og rana av to unge gutar mellom 18 og 20 år.

– Mannen blødde frå ansiktet og måtte ha legehjelp. Han vart sendt til legevakt for ein sjekk, men det skal gå bra. Fornærma har vore i avhøyr med politiet i natt, og vi opprettar sak, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i politiet til NRK.

Stakk av – politiet vil ha tips

Det var fleire vitne til hendinga, ifølge Magnussen. Dei to gjerningsmennene sprang av stad i retning Sydnestunnelen etter ranet. Det er ikkje kjent kva dei fekk med seg frå fornærma.

– Men dei skal ha fått med seg fleire gjenstandar. Vi er svært interesserte i å få tips som leiar til ein arrestasjon av dei to ranarane, seier Magnussen.

Dei to mennene er mellom 18 og 20 år. Den eine er høg og tynn, var iført mørk dongeri og ein kvit og mørkeblå caps på hovudet. Den andre gjerningsmannen var litt lågare og hadde på seg svart jakke og svart bukse.

Har du sett noko kan du tipsa politiet på telefon 02800.

Etterforskar saka

Det er undersøkt om det er overvakingskamera i området. Saka går no over til etterforsking.

Det har elles vore ei roleg natt i Hordaland.