Mann pågripen etter to økseran i Bergen

Ein mann i 20-åra er pågripen etter å ha truga til seg pengar ved to kioskar i Bergen sentrum. Han skal ha vore væpna med øks, opplyser politiet.

Laster kart, vennligst vent...

TO RAN: Ein mann er pågripen, mistenkt for å ha truga til seg pengar med øks ved to kioskar i Bergen sentrum natt til måndag.

Den første meldinga om ran kom frå YX-stasjonen i Agnes Mowinkels gate klokka 23.49.

– Personen forsvann frå staden før me kom fram og tok med seg ein ukjend pengesum, seier operasjonsleiar i politiet Bjarte Rebnord

Berre 30 minutt etterpå, medan politiet leita etter gjerningsmannen kom det inn ei ny melding om ran ved 7-eleven kiosken i Torggaten.

– Her kom det også melding om ein person som truga til seg pengar ved hjelp av øks.

Pågripen i Vaskerelven

Rundt klokka 00.30 klarte politiet å arrestera mannen i Vaskereleven, i nærleiken av treningssenteret Itrain.

– Den mistenkte har sete i arresten i natt, og vil bli avhøyrd utover dagen, seier Rebnord.

Politiet har intervjua vitne og tilsette i dei to kioskane i natt.

– Ut ifrå den informasjonen me har fått, og skildringar frå vitne er me temmeleg sikre på at mannen me har pågripen står bak begge rana, seier Bjarte Rebnord, operasjonsleiar i politiet.

– Ingen skada

– Ingen er fysisk skada etter hendingane, men det er klart at dette har vore ei stor belastning for dei involverte.

Dei tilsette vert no varetekne av arbeidsgivarane sine.