Hopp til innhold

Mann i 40-åra pågripen under væpna aksjon

Ei kvinne skal ha blitt trua med våpen og utsett for vald av ein mann i 40-åra i Sveio.

Sveio

Politiet fekk melding klokka 02.50 i natt om at ei kvinne hadde blitt trua med våpen i Sveio, nord for Haugesund.

– Kvinna i 30-åra var på besøk hos mannen, då dei byrja krangle. Ho har opplyst at ho har blitt banka opp av mannen og at han trua ho med eit våpen, seier operasjonsleiar i Sunnhordland politidistrikt, Tore Frøyland Jensen.

– Ho klarte å komme seg ut av huset, og fekk kontakt med nokre naboar.

Pågripen i væpna aksjon

Politiet arresterte i dag mannen i 40-åra i ein væpna aksjon.

– Me har ikkje funne våpenet, og han hevdar han ikkje har det, seier Jensen.

Mannen blei pågripen utan dramatikk. Han er enno ikkje avhøyrt.

Politiet er framleis på staden for å ransake huset.

– Kvinna skal ikkje ha blitt alvorleg fysisk skadd, men er sendt til eit krisesenter, seier operasjonsleiaren.

Mannen i 40-åra er ein kjenning av politiet.