NRK Meny
Normal

Mann gjekk seg vill på Nattlandsfjellet

Sundag føremiddag gjekk ein mann i midten av 30-åra seg vill på Nattlandsfjellet i Årstad. Politiet hadde kontakt med mannen på telefon, og mannen var nedkjølt då politiet fann han.

Laster kart, vennligst vent...

Meldinga kom klokka 10.02, og det var familien til 35-åringen som melde inn at mannen hadde gått seg vill på fjellet i Årstad i Bergen kommune.

– Det er tåke i området, og me har kontakt med mannen på telefon. Han føler seg litt kald, sa operasjonsleiar Frode Kolltveit i Hordaland politidistrikt til NRK klokka 10.30.

Fekk kontakt

Politiet sendte to patruljar til Sædalen, og luftambulansen kunne ikkje fly då det ikkje er godt nok vær.

Mannen hadde på seg mørke klede, og klokka 11.00 var det framleis ikkje vær til å fly.

– Me ser mannen i området, og me har ein patrulje som er på veg til å ta seg fram til mannen, seier Kolltveit klokka 11.00.

Nedkjølt

Mannen såg ikkje politiet, men etter ein times leiting meldte politiet at mannen var kome til rette. Det var hundepatrulje som fann mannen, og mannen var svært nedkjølt.

– Me hadde kontakt med mannen heile vegen. Han vifta med hendene, og vart funnen av ein hundepatrulje klokka 11.05, seier Kolltveit.

– Han vart pakka inn i ullteppe, for han var kald og forfrosen. Han gjekk ned saman med patruljen. Ambulanse vart sendt inn til Sædalen skole, og han vert tatt hand om av helsepersonell der, seier han.

Laster Twitter-innhold

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.