Død mann i Kvinnherad identifisert
Mannen som blei funnen død i Sunde i Kvinnherad førre helg er no identifisert. Det skriv BT. Mannen var ein 32-årig barnefar frå Litauen. Han blir sendt til heimlandet i dag. Den endeleg obduksjonsrapporten er endå ikkje klar, og politiet kan førebels ikkje seia noko om dødsårsaka.