NRK Meny

Mann funne livlaus i Bergen

Ein utanlandsk mann i 40-åra er funne livlaus av bekjente i ein bygård i Bergen sentrum. Fire personar er henta inn til vitneavhøyr, men det er førebels ikkje noko som tyder på noko straffbart, opplyser operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt. Mannen er frakta til Haukeland Universitetssjukehus.

Laster Twitter-innhold