Hopp til innhold

Mann (85) funne død i sjøen i Os

Ein stor redningsaksjon vart sett i gang då mannen ikkje kom heim som avtalt torsdag kveld.

Innsatsleiar redningsaksjon Os

STORAKSJON: – Me trykte på den store knappen og tilkalla alt tilgjengeleg mannskap, seier politiets innsatsleiar Jon Endre Skeie.

Foto: Espen Hobbesland/NRK

Ressursar frå både Redningsselskapet, Hovudredningssentralen på Sola, politiet, dykkarar og brannvesenet i Os og Bergen deltok i leitinga.

Det var klokka 17.45 politiet fekk melding om at ein person var sakna i området. Då var Redningsselskapet sitt fartøy allereie på veg til staden.

Mannen hadde vore i båthamna i Vargavågen i Os, men kom ikkje heim til avtalt tid.

– Politiet kom til staden og trykte på den store knappen og tilkalla det som var tilgjengeleg av redningsressursar, seier politiet sin innsatsleiar Jon Endre Skeie.

Fann gjenstandar

Hovudredningssentralen opplyste til NRK at funn av personlege gjenstandar i båten som ligg til kai gjorde at det vart søkt både på land og i vatn.

– Etter omlag ein time gjorde me dessverre eit funn eit lite stykke ut i vågen, og det viste seg å vera mannen me leita etter, seier Skeie.

Etter at dei pårørande var varsla, informerte politiet klokka 19.45 politiet at den sakna 86-åringen var funne omkomen.