Hopp til innhold

Mann (47) delte 414 overgrepsfiler for å få sjå overgrep mot jente (11) direkte

No ber politiadvokat Janne Ringset Heltne retten om å dømma mannen til to års fengsel.

Janne Ringset Heltne

OMFATTANDE AKTIVITET: – Han har drive omfattande aktivitet når det gjeld deling av overgrepsmateriale over ein lang periode, seier politiadvokat Janne Ringset Heltne om den tiltalte 47-åringen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Hovudforhandlinga i rettssaka mot den 47 år gamle mannen gjekk for Bergen tingrett tysdag. Mannen er tiltalt for brot på straffelova si paragraf 204a, som omhandlar framstilling av seksuelle overgrep mot barn.

Dei alvorlege lovbrota skal ha starta allereie i 1996. Frå ei adresse i Bergen meiner politiet at mannen har søkt opp, lasta ned og delt bilete og filmar som syner seksuelle overgrep av barn.

47-åringen har sagt seg skuldig på alle punkt i tiltalen, som statsadvokaten tok ut i fjor haust.

Ville sjå overgrep «live»

I tiltalen kjem det mellom anna fram at 47-åringen frå 2013 til 2014 dreiv eit chatteforum der brukarane delte lenkar som framstilte overgrep mot barn.

I same tidsperiode har han delt nærare 1000 lenkar av same sort. Politiet meiner mannen sidan 1996 har lasta ned minst 2000 filer som anten syner overgrep av barn eller seksualiserer barn.

I januar 2014 sende 47-åringen 414 ulovlege filer til ein nettbrukar i USA. Dei hadde kontakt med kvarandre via programmet Skype, der ein kan chatte med lyd, tekst eller video.

I bytte mot dei 414 filene bad nordmannen om å få sjå eit overgrep mot ei 11 år gamal jente direkte.

Omfattande aktivitet over lang periode

Aktor, politiadvokat Janne Ringset Heltne, la i retten fram påstand om at mannen må dømmast til fengsel i to år.

– Han har drive omfattande aktivitet når det gjeld deling av overgrepsmateriale over ein lang periode, og også vore moderator for ei side der slikt materiale har blitt delt, seier Heltne til NRK.

Sat nær eit halvt år i varetekt

Mannen sin forsvarar, advokat Marius Wesenberg, påpeiker at 47-åringen heilt sidan han blei pågripen og varetektsfengsla i mars 2014 har erkjent straffskuld.

Wesenberg meiner to års fengsel er for strengt.

– Det er ikkje i tråd med rettspraksis. Eg meiner dei fem og ein halv månadene han allereie har sete i varetekt er tilstrekkeleg, og ber om at han ikkje må sone meir, seier forsvararen.

Heltne meiner det ikkje finst direkte samanliknbar rettspraksis å støtte seg på i saka. Dom er venta i neste veke.