Hopp til innhold

Mann (23) hadde 600.000 overgrepsbilete av barn

Storaksjon frå Kripos resulterte i 99 saker. No må ein 23-åring frå Stord møte i retten.

Share-aksjonen 2013

KRIPOS-AKSJON: Aksjonen «Share» resulterte i 99 saker, som no er sendt ut til politidistrikta. Under aksjonen la Kripos beslag på store mengder bilete og filmar som syner overgrep mot barn.

Foto: Kripos

Under aksjonen «Share» aksjonerte Kripos mot fildelingsnettverket Edonkey2000, der dei retta seg mot personar som lastar ned og deler filer og bilete som syner overgrep mot barn.

Kripos - bilder av beslag aksjon Share 2013

«SHARE» ENDA i 99 SAKER: Kripos sende etter den innleiande etterforskinga ut 68 saker til politidistrikta. No er talet oppe i totalt 99 saker.

Foto: Politiet

– Etter Kripos si innleiande etterforsking sende me 68 saker ut til politidistrikta. I ettertid har det blitt oppretta 31 saker til, og totalt er det no 99 saker i Norge knytt til Share, seier presseansvarleg hos Kripos, Ida Dahl Nilssen til NRK.

21 av sakene er avgjort i retten, 41 er framleis under etterforsking, og 36 er til vurdering hos påtaleansvarleg.

Tatt med 600.000 overgrepsbilete

Ein 23 år gammal mann frå Stord vart pågripen i samband med aksjonen «Share» i 2013. Han må no møte i retten, skriv avisa Sunnhordland.

Brita Lysaker

– ALVORLEG SAK: Politiadvokat Brita Lysaker seier politiet ser svært alvorleg på denne type kriminalitet.

Foto: Arne Gunnar Olsen

– Dette er det største materialet av denne typen som er beslaglagt i vårt distrikt, seier politiadvokat Brita Lysaker til Sunnhordland.

Dei 600.000 bileta og dei 9000 filmane syner seksuelle overgrep mot barn eller materiale som seksualiserer barn.

LES OGSÅ: Finnmarking dømt for overgrepsbilder – første dom etter nasjonal politiaksjon

Risikerer tre års fengsel

Saka mot den sikta 23-åringen skal opp i Sunnhordland tingrett i mars.

Den øvre strafferamma for oppbevaring, produksjon eller deling av materiale som syner seksuelle overgrep mot born eller framstillingar som seksualiserer born, er tre års fengsel.

Mannens forsvarar Øyvind Gaute Berg seier til avisa Sunnhordland at han ikkje ønskjer å kommentere saka no.

LES OGSÅ: Frykter politiet ikke har nok kapasitet til å gå gjennom overgrepsbildene