MANGLAR RØMMINGSVEGAR:

Etter nye forskrifter skal moderne jernbanetunnelar ha éin rømmingsveg per kilometer. Ulrikstunnelen har ingen, skriv BA.no. – Ulrikstunnelen er den mest utfordrande i vårt område. Tunnelen har mykje, trafikk, er lang og trong. Dersom ein skal evakuere eit tog fullasta med passasjerar, kan det bli krevjande, seier Leif Linde i Bergen brannvesen, til avisa.