– Bergen ligg håplaust langt bak når det gjeld kommunale ladeplassar samanlikna med Oslo, medan Bergen har titals, så har Oslo hundretals, seier Petter Haugneland som er kommunikasjonsleiar i Norsk Elbilforening.
Kontrastane er store mellom Oslo og Bergen. Der asfalten er tydeleg nedslite i Bergen, stiller Oslo med skinande nye ladestasjonar for elbilar.
Artikkelen fortset under bilete.
Oslo har over 500
I Oslo har dei over 500 offentleg tilgjengelege gratis-ladepunkt. I Bergen er det 30, og det er langt fram for Bergen å ta att hovudstaden i talet på ladepunkt.
- Les også:
– Dette er dei nye ladestolpane i Oslo kommune, og dei skal bygge ut 400 nye slike ladeplassar i år, seier Haugneland medan han viser fram ein ladestasjon.
Medan hovudstaden ynskjer å auke talet frå 500 til 900 ladeplassar i laupet av året, så har Bergen ikkje planar om å utvide stort frå dei 30 som finst i dag.
– Her skal det komme hurtigladarar, 14 stykk, seier Hilde Onarheim som er byrådsleiar i Bergen.
Bergen best på elbil
Sjølv om Oslo har fleire ladestasjonar enn Bergen, så er det likevel Bergen som har flest elbilar per innbyggar.
- Les også:
– Akkurat no så er det Bergen som har eit bittelite hestehovud framføre i forhold til innbyggjartalet, seier Haugneland.
Likevel kjem ikkje Bergen til å ta igjen Oslo på ei god stund.
Har det gått litt fort for Bergen kommune?
– Nei, det vil eg ikkje seie. Fort og fort, det at ein plutseleg fekk så mange private elbilar trur eg ikkje nokon har tatt høgde for, seier Onarheim.
– Men, det er jo kjempefint at ein ynskjer å vere miljøbevisst, legg ho til.
For fullt
For elbil-sjåførane i Bergen er det trongt om plassen, og Kristin Risvand var heldig og fekk den siste ledige plassen.
– Akkurat i dag var det eitt ledig ladepunkt, seier Kristin Risvand Mo.
– Vanlegvis er det fullt, dei gongane eg har vore her, så det burde absolutt vore meir tilgjengeleg for folk, legg ho til.