Tusenvis av studentar bur brannfarleg

Så mange som 10.000 studentar bur i brannfarlege bustadar. – Alvorleg, meiner Tryg forsikring.

Mange studenbustadar er brannfarlege.
Røykvarsler

IKKJE TRYGGE: Mange studentar manglar til eksempel brannvarslarar i heimane sine.

Foto: NRK

Mange studentar kjem tilbake til sine studiestader etter sommarferien i desse dagar. Ei ny undersøking viser at så mange som 10.000 av dei bur i ein brannfarleg bustad.

Mange manglar til eksempel brannsvarslar, sløkkingsutstyr eller rømingsvegar ut i frå studentkollektiva sine.

Brannvesenet kontrollerer

No ønskjer brannvesenet meir merksem rundt tryggleiken til studentane. I Bergen kontrollerer dei leilegheitane til studentane som ønskjer det.

- Ein bør ha røykvarslar på soverommet, i tillegg til i fellesrom. Det vil eg råde dykk til å skaffe dykk, seier Lise Stensvik Midtun, feiemeister ved Bergen brannvesen.

I dag er det kollektivet til Pernille Marie Våge som blir kontrollert. Det viser seg snart at ikkje alt er som det skal her heller.

– Rømningsvegen er blokkert av søppel og flasker. Det er ikkje slik det skal vere, fortel Stensvik Midtun.

Ansvaret ligg på bebuar

Trass i at dei må rydde rømningsvegen for skrot, er studenten sjølv likevel nøgd med tryggleiken i si leilegheit.

– Så snart vi får rydda rømningsvegen, så veit vi at tryggleiken vår er god nok her. Det er veldig godt å vite, seier Våge etter kontrollen er over, og brannvesenet har kontrollert både brannsvarslarar, rømningsvegar og sløkkingsutstyret i heimen hennar.

Leilegheiter som ikkje har vedomn eller peis blir ikkje vitja av brannvesenet. Ansvaret for branntryggleiken ligg derfor på dei som bur i dei.

– Det er alvorleg

Tryg forsikring er bekymra over at så mange studentar bur i utrygge heimar.

– Det er alvorleg. Vi veit at røykvarslarar reddar liv kvart einaste år. Manglar du røykvarslar er det ein alvorleg mangel i branntryggleiken din, seier Ole Irgens, kommunikasjonssjef i Tryg forsikring.

Irgens har nokre tips til kva ein bør gjere når ein flyttar inn i ein ny bustad som student.

– Det viktigaste er at ein brukar nokre minutt på å sjekke at røykvarslaren er på plass, at brannsløkkingsapparatet står der det skal stå og at rømingsvegen er der den skal vere, og ikkje full av boss og sperrer slik at ein kan bruke den i ein naudsituasjon, seier Irgens.

.

Siste video

Gjengen i Stjernekoret har sunget sammen i flere år, men i høst bestemte dirigenten at koret skulle prøve noe helt nytt.
Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.
I sesongens siste Skavlan er det duket for landskamp mellom Norge og Sverige: Hvem husker mest fra Skavlan-året? På norsk lag stiller Harald Eia og Josefine Pettersen.