Den gamle kyrkja frå 1891 har hella litt mot aust i veldig mange år. Situasjonen har vore stabil over lang tid, men no blir kyrkja skeivare og skeivare.
På den verste staden er bygningen 22 centimeter ute av lodd.
Høyrde knakelydar
– I februar førte knakelydar i kyrkja og ein to centimeter brei sprekk i golvet på galleriet til uromeldingar frå dei tilsette, seier kyrkjeverje Audun Sylta til avisa Nordhordland.
– Vi er uroa for at kyrkja blir stadig skeivare, seier Sylta.
Derfor har kyrkjeverja fått fagfolk til å vurdera den skeive kyrkja grundig.
Konklusjonen er at situasjonen er svært alvorleg.
– Ein storm kan gjera kyrkja heilt ubrukeleg. I verste fall kan bygget leggja seg heilt over, seier prosjekteringsleiar Karsten Hjertholm i selskapet Akasia til avisa Strilen.
Hjertholm stadfestar overfor NRK.no at situasjonen kan bli kritisk, og seier det hastar å få gjort noko.
– Vi rår til at arbeidet med å stabilisera kyrkja skjer allereie i haust, seier han.
Skal trekkjast på plass
No er planen å trekkja kyrkjeveggane mest mogleg tilbake til rett posisjon ved hjelp av jekkar og wire.
– Dette må skje veldig forsiktig for å minka faren for sprekkdanningar, opplyser Akasia i eit forprosjekt dei har laga.
Deretter skal veggane stivast av med stålstag, slik at bygningen held seg stabil.
Totalkostnaden for prosjektet er rekna til om lag 2,1 millionar kroner.
Soknerådet har godkjent planane, men dei må også godkjennast av biskopen i Bjørgvin og arbeidet må gjerast i samråd med Riksantikvaren.