Hopp til innhold

Har ikkje bygd bustadar til utviklingshemma på tre år

Etter tre år med byggjestans lovar Bergen kommune å gjenoppta bygginga av bustadar til psykisk utviklingshemma. I budsjettet som vert lag fram i dag lovar dei 8 nye plassar.

Hilde Onarheim

LOVAR NYE PLASSAR: 107 utviklingshemma står i kø for å få ein tilrettelagt stad å bu. Etter tre år med byggjestans, lovar helsebyråd Hilde Onarheim åtte nye plassar innan 2016 i bybudsjettet som vert lagt fram i dag.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Anne Hellem

HAR DOTTERA I KØ: – Åtte nye plassar skulle berre mangla, seier Anne Hellem. Dottera hennar er ein av dei 107 som står i kø for å få bustad.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Men behovet er mykje større. 107 utviklingshemma har fått avslag på søknaden og står i kø.

– Her er gjengen på ferie, seier Anne Hellem og syner fram bilete av dottera Anne-Lene (33) på sommarleir på Gran Canaria. Bileta er eit prov på at ho har fått glede av nokre av tilboda til Bergen kommune.

Men det viktigaste har den utviklingshemma dottera fått avslag på. Ein eigen tilrettelagt plass å bu.

– Vi har prioritert annleis

– Vi fekk til svar at vi var registrert som søkjarar. Vi hadde fått avslag på søknaden, men vi trong ikkje å søkje på nytt fordi vi var registrert i køen, seier Hellem.

Sjølv om 107 personar står i køen – 63 av dei med det kommunen kallar eit dokumentert behov – har Bergen dei tre siste åra ikkje bygd ein einaste kommunal bustad til psykisk utviklingshemma.

– Det er nok slik at frå 2007 til 2011 så bygde vi 66 bustadar. Så har vi hatt andre prioriteringar dei siste tre åra, forklarar helsebyråd Hilde Onarheim (Høgre).

I den same perioden har fleire foreldre gått saman om å byggja bustadar til barna sine, då er kommunen pliktig til å stilla opp med pengar til drift.

Lovar åtte nye plassar

Ho argumenterer for at eldreomsorg, bustadar til andre vanskelegstilte og barnehagar har vorte prioritert dei siste åra. I budsjettforslaget for 2014, som vert lagt fram av finansbyråd Liv Røssland (Frp) i dag, lovar Onarheim å rette på noko av inntrykket.

– Det ligg inne ein ny bustad med åtte plassar som vi vil ha opp å gå i 2016. Vi har sjølvsagt eit mål om at flest mogleg skal få bustad.

Åtte nye plassar skulle berre mangle, meiner Anne Hellem.

– Fordi køen er stor. Dei har ikkje gjort noko med det siste åra og køane veks. Det kan ikkje bli ei skilje der dei utviklingshemma som har velståande foreldre kan få bygd bustadar, slik at det vert ei kvilepute. Dei må løyve pengar, dei må ha ein stad å bu.

Skulle gjerne hatt full jobb

Oddny Miljeteig

VIL HA EIN PLAN: Oddny Miljeteig (SV) vil ha ein plan for korleis byrådet skal få vekk bustadkøen.

Foto: NRK

Hellem skulle gjerne hatt full jobb, men det går ikkje.

– Fordi dottera mi må ha tilsyn før ho går på arbeid om morgonen og det må vera nokon heime når ho kjem att. Ho fungerer greitt på jobb men ho treng hjelp til hygiene og mat. Ein må leggje til rette for ho, forklarar Hellem.

Oddny Miljeteig frå Sosialistisk venstreparti etterlyser ein plan for korleis byrådet skal få slutt på køen, som bystyret i Bergen alt i 1994 vedtok skulle vekk.

– Det burde no vore vist ein veg fram til målet når me framleis har ein av dei største bustadkøane i landet, kommenterer Miljeteig.