NRK Meny
Normal

Vart yngste målskårar nokosinne

I det Håkon Lorentzen sette inn 4–1 for Brann i kampen mot Tromsø, vart han historisk. Han er den yngste målskåraren i Eliteserien nokosinne.

Håkon Lorentzen

MÅLJUBEL: 16 år gamle Håkon Lorentzen (født 2. august 1997) jublar etter å ha skåra sitt første mål for A-laget til Brann.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Det var Kristoffer Larsen som skaut, så eg berre prøvde å halda meg onside. Så var eg på returen der, slik det skal vere, gliser Lorentzen.

Han er i dag 16 år, tre månadar og ni dagar gamal. Det betyr at han er den yngste målskåraren i Tippeligaen nokosinne.

– Det var herleg, det er meir enn eg kunne draume om. Det er fantastisk å få det første målet så tidleg, seier Lorentzen til NRK etter sigeren over Tromsø.

Håpar på fleire innhopp

Kampen, som var utan særleg betydning for heimelaget, var særs viktig for Tromsø. Men med 4–1 sendte Brann bortelaget ned i førstedivisjon.

Med ein komfortabel 3–1 leiing fekk Lorentzen sjansen mot slutten. Og den tok han vare på.

No satsar han på fleire innhopp neste sesong.

– Målet mitt er å bli ei viktig brikke for Brann 2, og kanskje få nokre innhopp att i Eliteserien. Kanskje å verta ein del av A-laget etter kvart, seier Lorentzen og legg til at han tek det med ro.

– Det er viktig for meg å ikkje stresse og bli utolmodig. Eg må ta det med ro og halde fram med å utvikle meg.

Det var tidlegare Lillestrøm-spelar Ohi Omoijuanfo som var den yngste målscoraren i Eliteserien. Då han var 16 år og 300 dagar sette han inn eit mål mot Strømsgodset i siste serierunde i 2010.

Saka held fram under biletet

Brann Tromsø

FRAMTIDSHÅP: Håkon Lorentzen kan ha ei lysande framtid i Brann. Neste sesong håpar han på fleire sjansar.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Ein spelar for framtida

16-åringen fekk proffkontrakt med Brann tidlegare denne sesongen. Med Bård Finne på veg til Køln, kan vera Lorentzen vera det neste store spisstalentet som kjem frå eigne rekker.

Kenneth Mikkelsen, som i dag trakk i trådane etter at Skarsfjord gav seg tidlegare denne veka, seier han ser fleire likskapar mellom Finne og Lorentzen.

– Han har ein målteft, litt likt som Bård Finne. Eg ser litt av det samme hjå dei begge. Utruleg artig Håkon fekk krona innhoppet med ei skåring, seier Mikkelsen.

– Han er ei spelar for framtida, og vi skal matche han forsiktig. Han skal ikkje skyte Brann til noko seriegull, han skal få utvikle seg og ta steg for steg, legg Mikkelsen til.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.