Grov dommersmøring
I sitt paradis nett so på Våge
der skriv han sin limericksoge
og hiv seg i dans
når eit hefte med glans
går til vinnaren, som er Alf Åge.
(Alf Åge Tyssøy,Straume)
Dagens rekrutt
En lørdag det hendte på Våge
og det er ei heilt sann soge.
Mannen heitte Hans
det vart ein runddans
då rosinen i grauten var floge.
(Vegard Netland,11 år)
Oselvarfestival
Det er oselvarseiling på Våge.
Kvite seil over fjorden har floge,
og om kvelden på dans
blir det sikkert en sjans
for Amor med pil og med boge.
(Jakob Vik,Stord)
Dans på Våge
(fritt etter Johannes Heggland)
Ein sommar det hende på Våge.
Ja,så seier Heggland si soge.
Det vart slåsskamp og dans,
så dei havna til vanns,
og det vart The End for han Åge,.
(Andreas Hjartåker,Stord)
Seilerdans
Han var godt i gassen,han Åge
der på seilerdansen på Våge.
Han sto på utan stans,
men fekk siste dans
med ei som var større enn toget.
(Arne Torget, Husnes)
UFO-syn
Ein UFO landa på Våge.
Slik lyder ei nyklekte soge.
Det vart grønkledde dans
utan samling og sans.
Hvis ikkje, har nokon loge!
(Mens Våle,Voss)
Vellukka retur
Ho ville til byen på dans,
men ferja frå Tysnes fekk stans,
dreiv attende til Våge,
på kaien venta han Åge,
så no er ho kjærasten hans.
(Magne Rifsgård,5918 Frekhaug)
Spesiell interesse
Ein unggut som budde på Våge
studerte det entomologe.
"Går du aldri på dans?"
spurde bestemor hans.
"Nei,det einaste eg lika er floge!"
(Lars Børge Sæberg,Dimmelsvik)
Feilnavigering
Ein ubåtkaptein ifrå Våge
høyrde brått rare lyder i skroget.
Då ropte han :Stans!
men han fôr i ein dans,
då båten vart påkøyrd av toget!
(Magnar Sylta,5937 Bøvågen)
Biluhell
I ein cabriolet av dei låge
fekk han skrens inn på kaien på Våge,
og han fekk ingen stans
i sin opprensingsdans
før han stoppa der ferja sku' loge.
(Nils Henrik Tuastad,Os)
Endret repetoir
Ein momspålagt disco på Våge
gjekk over til fele og boge.
No tilbyr han Hans
ein avgifstfri dans
til slåtter frå Granvin og Måge.
(Knut Bårtvedt,Kinsarvik)
VINNER:Feilmelding(?)
En værdame seilte mot Våge.
Tross skodde, så var hu så fjåge.
Hu var buden på dans,
men sa til sine fans:
"Eg må snu! Eg har meld någe tåge!"