Hopp til innhold

Leiter fortsatt etter 77-åring

Den store leiteaksjonen etter 77-åring som har vore sakna sidan i går kveld held fram i kveld og i morgon.

Mannen vart meldt sakna frå bustaden sin i Skånevik i Etne kommune i 21.30-tida i onsdag kveld.

- Me leitar fram til det blir mørkt, rundt midnatt. Også held vi fram i morgon, seier operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Agnar Austrheim, til NRK torsdag kveld.

Både politiet, Røde Kors, Norske Redningshunder og mannskap frå Kystvakta tek del i leitinga.

Leitinga var i gang klokka 23 onsdag kveld, og omlag 20 personar var med.

Det er og sett inn helikopter i søket etter mannen.

Ber om tips

Leitinga har pågått i området rundt bustaden hans og i Skånevik sentrum. Leiteområdet vart ut på dagen utvida til sjøen. Dykkarar har leita i fjordar og elvar.

Politiet ber folk som kan ha sett mannen om snarast å ta kontakt.

Den sakna er om lag 175 cm høg, slank og skalla. Han hadde på seg raud jakke, dongeribukse og truleg ei grå eller beige topplue. Mannen skal ifølgje politiet gå på ein litt spesiell framoverbøygd måte, med korte skritt.

- Det er heilt uvisst kva som har skjedd. Det skal vera veldig uvanlig for mannen å bli borte utan å gje beskjed, seier operasjonsleiar Torger Stødle ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.