Hopp til innhold

Leiteaksjon etter sakna kvinne

Politiet opplyser at det er sett i gang ein større leiteaksjon etter ei sakna kvinne på Helleneset i Bergen. Kvinna, som er føydd i 1951, har gått ut frå bustaden sin i løpet av natta, og familien melde frå til politiet rundt klokka 04.00. – Ho er ikkje kledd for denne kulda, og vi har sett inn alle tilgjengelege ressursar. Vi leitar både på land og i vatn, fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Hans-Eirik Thue.

Leiteaksjon etter sakna kvinne på Helleneset
Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK