Hopp til innhold
Leitaksjon etter sakna 21-åring i Ålvik Hardanger
Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg / Hordaland Folkeblad

Leiteaksjon etter mann i Hardanger

Oppsummert

Politiet sette seint måndag 4. juni i gang ein leiteaksjon etter ein 21 år gamal mann som ikkje returnerte frå fjelltur. Mannskap frå Røde Kors og Norske redningshundar, i tillegg til eit redningshelikopter, deltok i aksjonen.

  • Mann (21) funnen død i Hardanger

    Den 21 år gamle mannen som har vore sakna i Ålvik i Hardanger, er funnen død. Pårørande er varsla, opplyser innsatsleiar Rune Vedeler i politiet til NRK. Det er er ingenting som tyder på at noko straffbart har skjedd.

  • Sivilforsvaret inn i leiteaksjon

    Mannskap frå Sivilforsvaret er kalla inn i samband med leiteaksjonen i Ålvik. Frivillige frå Røde Kors hjelpekorps frå Norheimsund og Øystese har søkt i fjellet natt til tysdag. Også hundepatruljar og frivillige frå Norske redningshunder deltek.

  • Flyr letemannskap til fjells

    – Mannen i 20-årene ble meldt savnet da han ikke kom på jobb mandag kveld. Det letes i fjellet ovenfor Ålvik fordi bilen hans er funnet der, sier operasjonsleder Tatjana Knappen.

    Laster Twitter-innhold
  • Vil truleg trappa opp søket

    Leiteaksjonen i Ålvik i Hardanger har til no ikkje gitt resultat. Operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt seier dei truleg vil trappa opp søket med fleire folk utover dagen. Politiet i Kvam vil i morgontimane vurdera situasjonen på nytt.