NRK Meny

Leiteaksjon etter eldre kvinne

Politiet etterlyser observasjonar av ei 85 år gamal kvinne som har vore sakna i området rundt Hordnesskogen i Fana sidan klokka 14. Kvinna er 160 cm høg og har kvitt hår. Ho er kledd i ei sort bukse, lysblå jakke med mørke striper og har på seg ei mørk lue. Kvinna er dement. Politiet har kalla inn Røde Kors og Norske redningshunder for å hjelpa i søket.