NRK Meny
Normal

Sjekkar overvakingsvideoar i jakta på mann som knivstakk tre personar

To personar er alvorleg skadde etter ei knivstikking på ein uteplass i Bergen. Politiet leitar framleis etter gjerningspersonen og vil sjekka videoar frå overvakingskamera i sentrum.

Politiet har sperra av område ved Finnegans

SPERRA AV: Politiet hadde måndag morgon sperra av eit område utanfor uteplassen Finnegans i Bergen sentrum.

Foto: Siri Kleiven Strøm / NRK

Knivstikkinga skjedde utanfor uteplassen Finnegans i Bergen sentrum i natt, og politiet fekk melding om hendinga klokka 03.18.

– Då politiet kom til staden viste det seg at det var tre personar som var blitt knivstukke. To personar er hardt skadde og sendt til Haukeland sjukehus. Tredjemann var vakt ved utestaden, han bar verneutstyr og er ikkje blitt skadd, seier operasjonsleiar Hans Egil Berge i Hordaland politidistrikt til NRK.

All tilgjengeleg politimannskap leitar

Brannvesenet spylte vekk blodspor etter knivstikking

SPYLTE: Brannvesen kom til Finnegans litt over klokka 06.30. Kort tid etter blei sperringar tatt ned og brannvesenet spylte vekk blod.

Foto: Siri Kleiven Strøm / NRK

Gjerningsmannen forlot staden i ein bil. Operasjonsleiaren opplyser at politiet har visse opplysingar å gå etter når det gjeld gjerningsmannen, og dei har alt tilgjengeleg mannskap ute og leitar etter han.

– Me veit eigentleg svært lite om gjerningsmannen. Me har vage skildringar, men det som er gjennomgåande er at utsjånaden er av Nord-afrikansk-opphav, seier operasjonsleiar Ronny Lentføhr.

Både gjerningsmann og dei to mennene som blei skadde i knivstikkinga er ifølgje politiet av utanlandsk opphav.

– Kva er relasjonen mellom dei involverte?

– Me har ein del opplysingar me vil kontrollera før me går ut med dei. Kva relasjonar dei har vil me ikkje uttala oss om førebels, seier Lentføhr.

Tre personar knivstukke utanfor uteplassen Finnegans i Bergen sentrum.

VIDEO: Tre personar knivstukke i Bergen sentrum.

Har ein teori om kvifor det skjedde

Politiet var tidleg måndag morgon på staden ved Finnegans for å få kontroll over vitneopplysingar og for å sikra tekniske spor.

– Per no kjenner me ikkje til årsaksforholdet. Det er ikkje klarlagt ennå, seier operasjonsleiar Hans Egil Berge.

Klokka 07.30 opplyser operasjonsleiar Ronny Lentføhr at dei har ei meining om kvifor knivstikkinga skjedde, men at dei ikkje vil gå ut med det ennå.

Skal sjekka video frå overvakingskamera

Politiet veit førebels ikkje om gjerningsmannen var gjest på uteplassen før knivstikkinga skjedde.

Politiet vil i løpet av morgonen sjekka om overvakingskamera i sentrum har fanga opp noko som kan hjelpa dei i etterforskinga.

– Me har ikkje fått konstatert ennå om det er fanga opp på video, men det er mange kamera i sentrum som kan kontrollerast, seier operasjonsleiar Ronny Lentføhr.

Ikkje lenger livstrugande skadde

Bilen til krimteknisk i politiet i Beregn

KRIMTEKNISK: Klokka 06.30 kom to politifolk frå krimteknisk til staden og tok prøvar av spor på staden.

Foto: Siri KLeiven Strøm / NRK

Haukeland universitetssjukehus opplyste i natt at dei to mennene som blei sendt dit begge var kritisk skadde. Mennene er 34 og 33 år gamle.

Klokka 07.30 får NRK opplyst frå politiet at tilstanden til dei to mennene no er stabil.

– Innleiingsvis blei det sagt at det var kritisk og livstrugande. Det skal ha vore stukke i brystregionen i nærleiken av hjarta. 06.30 fekk me melding frå sjukehuset som sa at tilstanden er nedjustert til stabil, altså ikkje livstrugande, seier Ronny Lentføhr.

Fleire vitne til hendinga

Politiet hadde i morgontimane måndag sperra av eit stort område mellom teateret Den nasjonale scene og uteplassen Finnegans. Det var tydelege blodspor på staden og tre politimenn haldt vakt.

I 7-tida var krimteknikarar ferdige med å gjera undersøkingar på staden og politisperringane blei tatt ned. To brannmenn spylte då vekk blod frå bakken før om området blei opna igjen.

Det var fleire personar i nærleiken då knivstikkinga skjedde.

– Det har meldt seg ein del vitne. Politiet jobbar med å få verifisert opplysingar frå dei. Me prøver å sjekka ut opplysingar og tips me har fått i saka, og me er framleis interesserte i opplysingar frå publikum, seier operasjonsleiaren.

Politiet opplyser at dei er ferdig med det operasjonelle på åstaden no, og at dei vidare jobbar med å kontrollera opplysingar som har kome inn. Vidare varslar dei at det vil bli ein pressekonferanse om knivstikkinga.