Hopp til innhold

Lange køar og ein alvorleg skadd etter tunnelkollisjon

Føraren av ein personbil er alvorleg skadd etter å ha frontkollidert med ein varebil i Risnestunnelen på E16 Arna-Trengereid. Det er lange køar på staden.

Trafikkulykke i Risnestunnelen på E16

TO SKADD: Ein varebil og ein personbil kolliderte i Risnestunnelen på E16 klokka 06.43.

Foto: Cathrin Stavseth

Helse Bergen melde klokka 08.55 at 24-åringen som køyrde personbilen er alvorleg skadd.

Politiet opplyser at det blir tatt blodprøve av han og førarkortet blir beslaglagt.

Føraren av varebilen er ein mann på 30 år som er lettare skadd. Han kom seg ut på eiga hand, men klaga over ryggsmerter.

Det var berre éin person i kvar bil. Begge vart frakta til Haukeland universitetssjukehus.

Ulukka skjedde om lag klokka 06.45, i følge politiet då personbilen kom over i motgåande køyrefelt.

To tunnelar stengt inntil vidare

Den om lag 1 700 meter lange tunnelen vart stengt straks etter ulukka.

Også Romslotunnelen er stengt, og det er no lange køar i området.

Omkøyringa via gamlevegen er svært smal, og Vegtrafikksentralen tilrår ikkje at mange køyrer der. Særleg ikkje større køyretøy.

Representantar frå ulukkesgruppa i Statens vegvesen er på staden. Dei vart ståande fast i køen, før dei fekk hjelp av politiet til å komma fram. Det er usikkert kva tid dei er ferdige med undersøkingane og vegen kan opnast att.

Risnestunnelen

Det er store materielle skader etter ulukka. Personbilen låg på sida og føraren sat fast, men var heile tida vaken. Luftambulansen kom til staden, og arbeidet med å få personen ut starta klokka 07.08. Politiet melde 07.25 at personen var ute av bilen.