Hopp til innhold

Kvinneleg presteflukt

Kvinnelege prestar skuggar unna Bjørgvin bispedømme. Dei føler seg ikkje respekterte av kvinneprestmotstandarar.

Kvinnelege prestar skuggar unna Bjørgvin bispedømme når dei skal søkja jobb.

Berre kvar tiande prest i bispedømet er kvinne, og berre Agder bispedømme har lågare kvinnedel.

Fleire kvinner føler at dei ikkje blir respekterte som prestar i Bjørgvin.

Vestlandsk kvinneprestmotstand

Framleis er kvinneprestmotstanden tydeleg på Vestlandet, og berre 10% av prestane i Bjørgvin er kvinner.

På landsbasis var talet i fjor 18% og i Oslo over 30%, viser statistikk frå kyrkjedepartementet.

Berre konservative Agder bispedømme har no færre kvinner enn Bjørgvin.

- Demonstrerer ved å ikkje møta

Bjørgvin bispedømme er blitt ein arena der mannlege prestar, som er imot kvinnelege kolleger, har fått markera seg. Det meiner Åse Kristin Nøkling Aagård, prest i Aurland og styremedlem i Presteforeningen i Bjørgvin.

- Mannlege prestar kjem ikkje på samlingar eller gudstenester der det er kvinnelege prestar som deltek. Det tek me som ein demonstrasjon og eit teikn på at dei ikkje ønskjer fellesskap, seier ho.

Biskop Ole D. Hagesæther
Foto: Marit Hommedal / Scanpix

Klar over problemet

Biskop Ole Hagesæther stadfestar at fleire kvinnelege prestar ikkje har følt seg respekterte av motstandarane.

- Eg har fått signal på at dette stemmer ja, fortel han.

Fleire prestar NRK har vore i kontakt med, meiner likevel at biskopen har vore for utydeleg i forhold til dei konservative prestane, og at han har gitt dei for stor plass.

- Eg ønskjer sjølvsagt å lytta på begge sider, seier han.

Vil dobla talet på kvinner

Bjørgvin bispedømme har vedteke ei kortsiktig målsetjing på 20% kvinner i presteskapet. Presteforeningen trur det er mogleg å nå målet.

- Me må rett og slett gå ut og aksjonera. Me må få fram at i Bjørgvin er det bra å vera prest, meiner Nøkling Aagård.