Hopp til innhold

Kvinne skadd etter utforkøyring

Ein kvinneleg bilførar er køyrd i ambulanse til Haukeland etter at bilen hamna utfor vegen i Austrheimsvegen, ved nedkøyrsla til Solesjøen. – Bilen har gått utfor vegen i ein krapp venstresving og gått rundt. Det er store materielle skader, seier vaktkommandør Sigbjørn Villanger ved 110-sentralen. Skadeomfanget er uvisst.