Hopp til innhold

Nye søk etter sakna kvinne på Sotra

Meldt sakna onsdag kveld. Politiet trur kvinna kan ha skada seg på tur.

Røde Kors-bilar

PÅ LEIT: Mannskap frå mellom anna Røde Kors, Norske Redningshunder og Sivilforsvaret assisterer politiet i søket etter den sakna kvinna frå Sund.

Foto: John Nøstdal / NRK

Politiet har ikkje fått ny informasjon som seier noko om kor den 62 år gamle kvinna kan vera. Kvinna vart meldt sakna av familien i Sund onsdag kveld.

Sidan då har det gått føre seg ein større leiteaksjon i både Sund og Fjell kommunar. Politiet veit at kvinna kjøpte bussbillett frå Klokkarvik til Skogsskiftet, og mobilen hennar er sist nytta i Tellnes-området.

– Kvinna gjekk sannsynlegvis av ein buss sør for Kolltveittunnelen for å gå tur, seier innsatsleiar Synnøve Malkenes i politiet.

Leitemannskap gjekk over dette området i går, men søker no over området på nytt.

Stor leiteaksjon

Mannskap frå Sivilforsvaret, Røde Kors, Norske redningshundar, Sivilforsvaret, politi og frivillige leitar no etter kvinna.

Det har blitt brukt både helikopter og drone i søket som varte heile natta. Politiet har fått mange tips i saka, men publikum blir oppfordra til å melde inn fleire tips eller eventuelle observasjonar.

Politiet skildrar den 62 år gamle kvinna som slank, mellom 160 og 170 cm høg med kort, grått hår. Tips kan ringast inn til telefon 02800.

Held fram utover kvelden

Søket etter kvinna fortset med full styrke utover kvelden.

Det vert no leita i området rundt Kolltveitmarken.

Politiet ønskjer at personar som var i området ved busstoppet Haljedalen ca. klokka 10.55 – 11.00 19. juli om å melde inn om dei har observasjonar. Dette gjeld også turgåarar i same området.

​​

Norske Redningshunder

HUNDEHJELP: Redningshundar bidrar i søket etter kvinna.

Foto: John Nøstdal / NRK