NRK Meny
Normal

Russisk kvinne (50) funnen død i Vøringsfossen

Ei russisk kvinne i 50-åra er funnen død etter at ho fall utfor i Vøringsfossen i Eidfjord. Kvinna er henta ut av området og vert no sendt til Haukeland sjukehus for obduksjon.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Kvinna som fall utfor Vøringfossen er no funnen omkommen. Røde Kors er på veg for å hente ut den omkomne. FOTO/Redigering: Heidi Lise Bakke/ NRK

Kvinna som blei funnen omkommen i Vøringsfossen er ein russisk stasborgar i 50-åra. Kvinna blei stadfesta omkommen klokka 16.00.

skilt ved Vøringsfossen

FALL UTFOR SKRENT: Klokka 17 skal kvinna etter planen bli henta opp med Sea King helikopter.

Foto: Heidi Lise Bakke

– Redningsmannskapet tok seg ned til kvinna og henta ho ut klokka 17.15. Avdøde er no frakta ned til Eidfjord, der ho blir sendt vidare til Haukeland sjukehus for obduksjon, seier operasjonsleiar Janne Steimler Sætre i Hordaland politidistrikt.

Dei næraste pårørande er varsla.

– Førebels tyder det på at dette var ei tragisk ulukke. Men me er på staden og snakkar med vitne for å vere sikre på kva som har skjedd, seier Sætre.

Det var klokka 13.45 at ein engelsktalande person ringde til AMK og melde om at ei kvinne hadde falle i fossen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Det vart sendt inn luftambulanse, politi og ambulanse i leitinga etter kvinna. FOTO/Redigering: Heidi Lise Bakke/ NRK

– Politiet er på staden og snakkar med vitnet. Det me veit er at ho skal ha falle nær eit utsiktspunkt, men me er usikre på kva for eit, sa operasjonsleiar Hans Egil Berge frå Hordaland politidistrikt til NRK.no tidlegare i dag.

Det vart sendt inn politi, ambulanse og eit Sea King helikopter som henta ut den omkomne kvinna.

Tre dødsulukker på fem år

Vøringsfossen ligg i Eidfjord kommune like ved riksveg 7 i Måbødalen. Fossen har eit fritt fall på 145 meter.

I 2011 var det ei kvinne som døde etter fall i Vøringsfossen då ho skulle bli fotografert ved fossen, og i 2009 omkom ein russisk mann etter å ha falle ut i fossen. På fem år har altså tre personar omkomme etter å ha falle i Vøringfossen.

Ordførar i Eidfjord kommune, Anved Johan Tveit, seier at dei i mai godkjente ein reguleringsplan for å sikre området kring fossen betre. Sikringsarbeidet skal etter planen setjast i gong i haust.

Målet med reguleringsplanen er ikkje å sikre hele området, men berre nokre av utkikkspunkta. Nokre av desse skal få gjerde rundt seg, andre vil bli sikra gjennom andre konstruksjonar, seier

– Me har skilta sett opp skilt der me ber folk om å ta vare på seg sjølv, for dette er eit utsett område. Men den norske naturen er til dels dramatisk, så det er vanskeleg å sikre alle punkt, seier ordførar i Eidfjord kommune, Anved Johan Tveit.

– Me har mangla planar, og finansieringa har ikkje vore på plass. Men no er alt dette klart, og me satsar på å komme i gong med sikringa i haust.

Vøringsfossen

VØRINGSFOSSEN: Ei kvinne skal ha blitt funnen død etter at ho fall i Vøringsfossen.

Foto: Heidi Lise Bakke

Her skjedde det:

Laster kart, vennligst vent...

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.