Hopp til innhold

Kvinnelig turist gjekk seg vekk i fjellet

Ei tysk kvinne (23) har gått seg vill på fjellet på Austlendingen i Lindås kommune. Ho ringde sjølv politiet og melde frå, og både politi og Røde Kors leitar no etter kvinna.

Kvinne (23) har gått seg vill på Austlendingen

– Det er regn og tåke i området, og kvinna er oppskaka, våt og kald, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Knut Dahl-Michelsen til NRK like etter klokka 16.00.

Kvinna som er ein tysk turist skal ha gått på tur åleine. Ho ringde sjølv til politiet klokka 15.15, og sa ho ikkje kom seg ned frå fjellet på eiga hand.

– I første omgang jobba me med å få opplysningar om kvar ho var, og no har politiet rykka ut med patrulje med redningshund, og Røde Kors hjelper til i leitinga, seier Dahl-Michelsen til NRK like etter klokka 16.00.

Funnen etter to timar

Politiet hadde kontakt med kvinna over telefon, og ho hadde på seg svarte klede og ein gul sekk. To timar etter at ho melde til politiet at ho hadde gått seg vill, vart ho funnen.

– Klokka 17.15 fann me kvinna, og ho var forkommen, nedkjølt og våt, seier Dahl-Michelsen til NRK 17.20.

– Hundepatruljen går ned med ho no, og der blir dei møtt av helsepersonell og politi, seier han.

Kvinna viste seg å vere i god behald, og er sendt heim til der ho hadde planlagt å overnatte.

Laster Twitter-innhold