Hopp til innhold

Krev gransking av helikopterulykke

Det er enno uklart kva som skjedde då ein 37 år gamal pasient omkom etter at han tok seg ut av eit helikopter på veg frå Nordsjøen. Fagforbundet krev no full gransking av ulykka.

Troll A

Fagforbundet SAFE krev no full gransking av kva som skjedde då ein mann omkom etter å ha kome seg ut av helikopteret som frakta han frå plattforma til land.

Foto: Statoil: Øyvind Hagen / Øyvind Hagen

– At eit menneske kan komme seg ut av eit helikopter utan at det er ved eit evakueringstilfelle skal ikkje kunne skje, og det set me spørsmålsteikn ved, seier Hilde-Marit Rysst som er leiar i Fagforbundet SAFE til NRK.

I følge TV2 skal ein pasient på veg frå plattforma Troll A på 600 meters høgde klart å kome seg ut av helikopteret. TV2 skriv det enno er uklart kva som gjekk gale.

– Ein passasjer tok seg ut av maskina under overfarten og fall i sjøen, forklarer politioverbetjent Thomas Sørensen til TV2.

Passasjeren skal ifølge TV2 ha fått eit sjukdomstilfelle, og blei henta av eit helikopter like etter klokka åtte.

Ein time etter at mannen vart henta og tok seg ut av helikopteret, vart han funnen død i sjøen, utanfor Sotra i Hordaland.

– Skal ikkje kunne skje

Hilde-Marit Rysst

Hilde-Marit Rysst i fagforbundet SAFE krev full gransking av helikopterulykka.

Fagforbundet SAFE krev no full gransking av saka, og Hilde-Marit Rysst som er leiar i SAFE seier ho ikkje forstår korleis noko slikt kunne skje.

– Me krev at alle kort blir lagt på bordet og at ein går inn og ser om det er bakgrunnforliggande årsaker her, om kva rutinar eller mangel på rutinar som har gjort at dette kunne skje, seier ho til NRK.

Skal det eigentleg vere mogeleg for ein mann å kunne ta seg ut av eit helikopter som er på veg ifrå ein plattform?

– Det skal berre vere mogeleg ved ein evakuering igangsett av pilotane, seier Rysst til NRK.

Framleis uklart kva som skjedde

Politiet, Petroleumstilsynet, Luftfartstilsynet og fylkeslegen i Rogaland er ifølge TV2 kopla inn i saka. Rysst i SAFE tenkjer det er naturleg at det enno ikkje er opplyst om kva som kan ha skjedd.

– På dette tidspunktet så må myndigheitene få gå inn og sjå på kva som faktisk har skjedd, og me treng ro rundt saka på den måten, seier ho til NRK.

– Men, ro betyr ikkje at ein faktisk skal leite og sjå kva som faktisk har føregått, legg ho til.