Hopp til innhold

Krangleferja

RANAVIK-SKJERSHOLMANE (NRK): Kvinnheringar og stordabuar diskuterer livleg om ferja mellom kommunane medan den går omvegen til midlertidig kai på trettande året.

MF Strand på veg inn mot Ranavik

OMVEGEN: MF Strand på veg inn mot Skjersholmane på Stord. Kaia erstatta Leirvik i 2003, og sidan har det vore diskutert om det skal byggast ny kai eller om sambandet skal flyttast til Jektevik.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Ei ferje skal gå rett over fjorden. Denne går langs land. Eg er så lei av å ta ferje, seier kvinnheringen Knut Martin Ersland.

– Dette har eg diskutert mange gonger med stordabuane. Men dei vil visst ha det som det er.

Strekninga vart midlertidig flytta frå Leirvik til Skjersholmane i 2003. Den kom aldri attende. Diskusjonen har vore om det skal byggast ny kai på Stord eller om sambandet skal flyttast til Jektevik.

Kaien der ligg fem minutt nærare Ranavik enn det Skjersholmane gjer.

Knut Martin Ersland

Det er snakk om å oppretta ei privat ferje mellom Sunde og Jektevik. Den seier Knut Martin Ersland at han kjem til å velja, om ferja vert ein realitet.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Planer om ny rute

I 2003 vart og Sunde kai i Kvinnherad lagt ned då det kom tunnel til Halsnøy. No må dei reisande både betale bompengar og ferjebillett.

– Det er for dyrt, det er for treigt og det er for tungvint, er Ersland sin dom over dagens ordning.

No er det planer om ei privat ferje mellom Sunde og Jektevik. Den lover Ersland at han vil bruke.

ranavik

Dette meiner NRK om Ranavik-Skjersholmane

Overfart og kaiar: 6

Sjølv om det er mykje klaging på den lange overfarten går det å sette pris på det vide utsynet ein får i Sunnhordlandsbassenget. Og sidan ein passerer Leirvik får ein jo sett regionsenteret frå sjøen. Aker Stord ser ein og frå kort avstand. Men kaiane er keisame.

Fartøy: 5

Det går to fartøy på strekninga, MF Hardingen og MF Strand. (Hardingen var på verkstad i Ølen då eg reiste med sambandet). Begge ferjene har salong oppe, men Hardingen er ei langt trivelegare ferje enn Strand.

Service og fasilitetar: 5

Kafeteriaen på MF Strand er stengt for godt. Det er servering på MF Vikingen. Om lag femti prosent sjanse for kaffi, altså. Elles tilfredsstillande sanitære fasilitetar om bord og på kaiane.

Nostalgi og oppleving: 3

Det er jo nostalgisk å køyre over ferjekaien på Skjersholmane og tenke på den stordomstida den har opplevd.

Totalt 19 (av 40 poeng)

Denne karakteren får strekningane

Strekning

Overfart,
kaianlegg

Fartøy

Service,
fasilitetar

Nostalgi,
oppleving

Totalt

Utåker-Matre-Skånevik

7

6

8

6

27

Sævrøy-Fedje

8

8

5

5

26

Utbjoa-Fjelberg-Borgundøy-Sydnes

6

4

8

8

26

Halhjem - Våge

6

6

5

5

22

Leirvåg - Sløvåg

7

4

5

5

21

Hjellestad-Bjelkarøy-Lerøy-Klokkarvik

8

3

3

7

21

Kvanndal - Utne

7

6

5

3

21

Krokeide - Hufthamar

4

7

7

2

20

Hatvik - Venjaneset

4

6

6

3

19

Ranavik - Skjersholmane

6

5

5

3

19

Jondal-Tørvikbygd

5

3

6

5

19

Halhjem-Sandvikvåg

4

6

5

3

18

Langevåg-Buavåg

6

5

3

4

18

Gj.hamn-Varaldsøy-Årsnes

4

6

5

3

18

Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes

4

6

4

3

17

Duesund-Masfjordnes

5

5

3

4

17

Utne-Kinsarvik

8

3

2

3

16

Husavik-Sandvikvåg

5

3

3

2

13

Breistein-Valestrandsfossen

4

3

3

3

13

Ekspander/minimer faktaboks

PS! Var du klar over at på siste turen før natta går MF Hardingen innom Jektevik og Hodnanes på Tysnes før den returnerer til Ranavik? Mannskapet fortel at det er eit særs dårleg trafikkert tilbod.