Hopp til innhold

Krangla om Sex-kjøp

Mann og kvinne i slagsmål i Bergen. Krangla om betalinga etter sex-kjøp.

Politiet rykka sundag ettermiddag ut til eit husvere i Håkonsgaten i Bergen etter å ha fått melding om eit slagsmål mellom ein mann og ei kvinne.

- Det viste seg å vera ein krangel om eit sex-kjøp, seier Preben Wallestad, operasjonsleiar i politiet.

Reaksjonen frå politet var å melda mannen for kjøp av sex. Dermed risikerer han ei saftig bot.

- Ingen vart skadde i slagsmålet, og det er berre sex-kjøpet politiet vil gå vidare med, seier Wallestad.