Hopp til innhold

Fleire evakuert etter brann i Sandviken

Naudetatane rykka ut til eit hospits Bakkegaten i Sandviken etter melding om kraftig røykutvikling. Ein person vart henta ut av røykdykkarar.

Røykutvikling i Bakkegaten

KRAFTIG RØYK: Det velta ut svart røyk frå fleire vindauge i toppetasjen på hospitsen i Bakkegaten i Sandviken.

Foto: 03030-tipser

Røykutvikling i Bakkegaten

KRAFTIG RØYK: Det velta ut svart røyk frå fleire vindauge i toppetasjen på hospitsen i Bakkegaten i Sandviken.

Foto: 03030-tipser

– Det er meldt om mykje røyk ut frå to vindauge i bygget i Bakkegaten. Vi har evakuert fleire personar, fortel vaktkommandør.

Bakkegaten ligg i Sandviken i Bergen, i kort avstand frå Støletorget.

- Ein person evakuert

Operasjonleiar Vibeke Næss fortel til NRK at ein person er henta ut av røykdykkarar. Det skal ikkje vera snakk om personskade.

Eit augevitne fortel til NRK at det kom kraftig røyk ut frå to vindauge i toppen av bygget.

- Eg runda hjørnet nede ved Nye Sandsvikveien, og då velta det ut kraftig, svart røyk. Det er mellom 15-20 personar som er evakuert og som står ute på gata her.

Har kontroll

Ein knapp halvtime etter at meldinga kom inn til brannvesenet, har dei kontroll på staden. Brannen vart meldt sløkkt klokka 15.40.

Årsaka til brannen er ikkje kjent.