NRK Meny

Kortslutning årsak til brann

Årsak til brannen i Vågsalmenningen var ei kortslutning i ventilasjonsanlegget. Brannbilar frå tre stasjonar rykte ut til adressa som ligg i eitt av høgrisikoområde i Bergen sentrum. – 22 mann var i aksjon. Frå me kom til staden tok det 5–6 minutt til me fekk lokalisert og sløkt brannen. Sånn sett var dette vellukka, seier brigadeleiar Tom Berentsen.

Brannutrykning Vågsalmenningen
Foto: Bergen foto og media