Hopp til innhold

Bystyrerepresentant i Bergen fengsla for korrupsjon

Skal ha fått betalt for påverke avgjersler i Bergen kommune.

Bergen Rådhus

KORRUPSJON: Ein bystyrerepresentant skal ha motteke pengar frå næringsdrivane i Bergen.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Til saman er tre personar sikta i saka. I tillegg til ein bystyrerepresentant er også to næringsdrivande i Bergen kommune sikta.

– Denne bystyrepresentanten skal ha motteke pengar for å påverke prosessar i Bergen kommune, seier politiadvokat, Ole Bjørn Mevatne til NRK.no.

Dei tre blei fengsla i slutten av denne veka, men to av dei har anka kjenninga.

– Vi er i innleiingsfasen av etterforskinga, så det står att ein del arbeid før vi kan konkludere med kva som faktisk har skjedd, seier Mevatne.

Politikaren skal vere bystyrerepresentant for Høgre, melder Bergensavisen.

Det var Bergensavisen som først omtalte korrupsjonssaka.

Gjekk rykte

Robert Rastad

GJEKK TIL POLITIET: Kommunaldirektør, Robert Rastad, seier det er eit svært alvorleg lovbrot om korrupsjonsrykta stemmer.

Foto: Aleksander Vallestad / NRK

Kommunaldirektør, Robert Rastad, fortel at bakgrunnen for saka er eit rykte som har nådd leiinga i kommunen.

– Eg fekk høyre ryktet for eit par veker sidan. Då tok eg med ein gong kontakt med byrådsleiaren og i samråd valde vi å ta informasjonen til politiet, seier Rastad.

Ifølgje kjelder NRK har snakka skal saka har vore ein snakkis i enkelte miljø over lenger tid. Politiadvokaten seier også at det straffbare forholdet skal ha funne stad i 2012.

– Om innhaldet i dette ryktet skulle vise seg å stemme er det eit svært alvorleg lovbrot, seier kommunaldirektøren.

Vil ikkje kommentere

Han er no glad for at politiet har tatt saka på alvor og sett i gong etterforsking.

– I Bergen kommune har vi nulltoleranse for lovbrot, når vi fekk høyre at noko slikt kunne ha skjedd valde vi å ta det vidare. Vi treng at nokon går inn i denne saka og finn ut kva som er fakta, seier Rastad.

Kommunen ønskjer ikkje å kommentere kva type sak det er snakk om eller kvar ryktet kjem frå.

– Vi vil vente til politiet har konkludert i si etterforsking, seier Rastad.

– Svært alvorleg

Monica Mæland

ALVORLEG: Byrådsleiar Monica Mæland kjente til rykta, og gjekk i samråd med kommunaldirektøren til politiet.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Byrådsleiar Monica Mæland stadfestar at ho kjenner til saka, men ikkje innhaldet og bakgrunnen for siktinga av dei tre.

– Om desse rykta stemmer er det kjempealvorleg. Det sjeldan ein høyrer som like historier heldigvis, seier Mæland til NRK.no.

Ho ønskjer ikkje å kommentere saka utover dette før ho har blitt orientert av politiet. Dette vil skje tidlegast måndag.