Hopp til innhold

Kollisjon skapte køar i Bergen vest

Eit trafikkuhell skapte køar på den sterkt trafikkerte innfartsåra mellom Bergen og kommunane vest for byen.

Kø på Riksveg 555
Foto: Torbjørn Skutle

– Det har vore eit samanstøyt mellom ei trekkvogn og ein personbil, seier Ole Jakob Malmo, som er operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt.

Politiet fekk melding 06.54. Fleire innringarar fortalde NRK.no at det raskt hopa seg opp med bilar.

Uhellet har skjedd der trafikken frå Askøy møter trafikken frå Sotra, i retning mot Bergen sentrum.

Fleire personar har meldt frå om køar på den sterkt trafikkerte strekninga, som bind kommunane i vest samane med Bergen.

– Det skal ikkje vera snakk om personskadar, men personbilen skal ha snurra rundt, opplyser Malmo.

Det er bestilt borttauing av personbilen som var innblanda i ulukka.

Ifølgje politiet skal begge køyretøya stå på vegskuldra, noko som gjer at politiet håpar at ein unngår dei heilt store trafikale problema.

Statens vegvesen har ikkje fått melding om større trafikale problem, som følgje av trafikkuhellet. Bilistar som har vore i kontakt med NRK.no, fortel at køane skal ha løyst seg opp rimeleg raskt.