Hopp til innhold

Kollisjon i Indre Arna-vegen

  • LETTARE SKADD:

    Ein 20 år gamal mann vart lettare skadd i den kraftige kollisjonen i Indre Arna i Bergen i føremiddag. Det opplyser Helse Bergen i ei pressemelding. 20-åringen er innlagd på Haukeland sjukehus, etter at han krasja inn i ein parkert bil i Indre Arna-vegen.

  • STENGT ETTER ULUKKE:

    Indre Arna-vegen ved nummer 70 er no stengt etter trafikkulukka. Det er bestilt bilberging og det vil ta litt tid før vegen kan opne igjen. Ein mann er sendt til traumemottaket på Haukeland sjukehus etter ulukka. Skadeomfanget er ikkje kjend.

  • EIN PERSON SKADD:

    – Brannvesenet er på staden og melder om at det har vore ei kraftig ulukke. Ein person er skadd men skal vera bevisst. Ingen fastklemde, seier operasjonsleiar Terje Magnussen til NRK om trafikkulukka i Indre Arna-vegen.