Hopp til innhold

Dømd til seks års fengsel for dette knivangrepet

Mann (46) dømd for drapsforsøk etter dramatisk basketak på Bybanen i Bergen.

Knivstikking på Bybanen

KAMP: Overvakingskamera fanga den dramatiske kampen på Bybanen. Slik såg det ut rett før tiltalte stakk den fornærma.

Foto: Overvåkningskamera

Det var i april i fjor at ein 34 år gamal mann vart utsett for fleire knivstikk frå 46-åringen. Hendinga skjedde inne på ei bybanevogn med andre passasjerar til stades.

Det eine knivstikket gjekk gjennom kraniet til 34-åringen og to centimeter inn i hjernen. 46-åringen vart tiltalt for drapsforsøk og møtte nyleg i Bergen tingrett.

No er han dømd til seks års fengsel, i tillegg til at han må betale ein erstatning 150.000 kroner til fornærma.

Viste overvakingsvideo

Det var lagt fram fleire bevis frå aktoratet under rettssaka. Eitt av dei viktigaste bevisa er video frå overvakingskamera, som er montert rett ved der fornærma og tiltalte oppheldt seg i vogna.

«Retten finner det bevist at tiltalte handlet målretta og bevisst med hensyn til å stikke fornærmede i hodet», står det i dommen.

Dei to involverte er kjenningar og det skal ha oppstått i ein krangel om pengar på Bybanen.

Dei møttest tilfeldig, etter at den dømde kom inn på bybanevogna ved Bergen bystasjon. Overvakingsvideoen og vitneutsegn viser at dei to kommuniserte normalt først, men då vogna var kome til Kronstad var 46-åringen blitt aggressiv. Her trekk han fram ein kniv frå jakkelomma og pressar den mot fornærma sin strupe.

Det neste minuttet blir 36-åringen utsett for fleire knivstikk mot kroppen, der det eine altså går inn i hovudet hans.

Blod på bybanen etter drapsforsøk på bybanen april 2015

Ein 34 år gamal mann vart knivstukken fleire gonger på Bybanen i Bergen i april 2015. No er ein 46 år gamal mann dømd for drapsforsøk.

Foto: Politiet

– Kunne fått verre utfall

Den fornærma vart innlagt på Haukeland sjukehus med alvorlege skader etter hendinga. Dommarane meiner det kunne gått langt verre.

«Hodet er et særlig sårbart område. Dødeligheten er i følge den sakkyndige relativt høy, og det er tilfeldig hva som blir resultatet etter knivstikk mot hodet [ ...]. I dette tilfelle kunne hendelsen fått et atskillig verre utfall enn det vi nå ser», står det vidare i dommen.

knivstikking wergeland

TIL SJUKEHUS: Her blir den fornærma frakta vekk frå bybanestoppet på Wergeland etter hendinga. Mannen vart sendt til sjukehus med alvorlege skader.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

– Handla målbevisst

Politiadvokat Trond Eide seier til NRK at han i sin prosedyre bad om sju års fengsel. Han la i retten vekt på at den dømde 46-åringen handla målbevisst og at det heile skjedde i et offentleg rom med fleire andre passasjerar til stades.

– Påtalemakta har fått fullt gjennomslag, sånn sett er eg nøgd med dommen. Dommen er veldig klar og den er samrøystes, seier Eide.

Bergensavisen skriv at den dømde 46-åringen i retten erkjente lekamsskading med kniv, men nekta for at han forsøkte å drepe passasjeren.

– Eg har ikkje sett dommen, men meiner rettens konklusjon om at det er drapsforsøk er i tråd med det eg og aktor meinte. Det var eit brutalt angrep og det er tilfeldig at min klient overlevde, seier Kim Villanger, bistandsadvokat for offeret i knivstikkinga på Bybanen.