Knivstakk damer i tv-krangel

To kvinner og ein mann kutta kvarandre med kniv i ein krangel om eit fjernsyn i Ytre Arna.

Dei to kvinnene oppsøkte mannen i ei leilegheit, då krangelen om fjernsynet starta.

Alle tre fekk kuttskadar i basketaket, opplyser politiet.

Plastra og sydd

- Mannen vart arrestert, medan kvinnene vart sendt til legevakta for å bli plastra og sydd, seier operasjonsleiar Per Stiegler i Hordaland politidistrikt.

- Vi ser på mannen som den utøvande parten her, men også han fekk eit kutt.

Politiet fekk meldinga klokka 01:13 natt til torsdag.