NRK Meny
Normal

Kjempar for å berge hyttetaka

I Myrkdalen på Voss jobbar hyttefolket no på spreng for å redde hyttene frå dei enorme snømengdene.

Snørydding i Myrkdalen

MÅ BERGE HYTTETAKA: For at ikkje hyttetaka skal bryte saman under dei enorme mengdene snø, mokar no hyttefolk og lokale for fullt i Myrkdalen på Voss. Foto: Ingrid Losnegaard/ Redigering: Kjetil Rydland

– Dette er eit kvitt inferno. Alt er berre kvitt, kvitt, kvitt. Det er nesten umogleg å vite kvar du er på vegen når du køyrer opp hit. Det er heilt sinnssjukt, seier Jan-Christian Michelsen.

I heile dag har han saman med andre hytteeigarar i Myrkdalen på Voss, baska med dei enorme snømengdene som har lagt seg på hyttetaka dei siste dagane.

– Det ser jo ikkje ut som eg har måka i det heile tatt, men det har eg, seier Are Stegane og kik opp på hyttetaket sitt der snøen framleis ligg tungt.

LES OGSÅ: Her bruker nærbutikken innbyggernes handlekurv som værmelding

ryddar snø i Myrkdalen

HAR KØYRT 100 LASS: To lastebilar, to gravemaskiner og fem traktorar jobbar no på spreng for å berge taka på hyttene i Myrkdalen på Voss.

Foto: NRK

– Folk bør komme seg opp for å moke

I nabobygda Jordalen har dei vel 40 innbyggjarane vore innesnødde og fleire stader i Voss kommune er taka no dekka med fleire meter snø. Både brannvesenet og sivilforsvaret har dei siste dagane hatt hendene fulle med å skufle snø av tak som har stått i fare for å kollapse.

Snørydding Myrkdalen

Hyttefolk strøymer til Myrkdalen for å berge hyttetaka sine.

Foto: NRK

No er det hyttene i Myrkdalen som står i fare for å knekke saman. Då NRK møter snøryddar Kjell Lirhus, har han køyrt 100 lastebillass med snø.

– Me køyrer medan me klarar. Resten må berre ligge på hyttene og eigedommane. Det blir mykje jobb i helga, seier han frå førarhuset på lastebilen.

Også for hytteeigarane vil det handle meir om å berge eigedomen enn om hyttekos denne helga.

– At taka kan tole så mykje, er heilt utruleg. Folk bør komme seg opp for å moke, det bør dei, seier Stegane.

LES OGSÅ: – Vekten på snøen tilsvarer tusen biler


Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Lars Vaular, Nordvegen, Marius Neset, Terje Isungset og Eivør underholdt tusenvis på Torgallmenningen.
Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen møtte NRKJ-leder Richard Aune.